Bruket arkitektur AS | Me søker nye medarbeidarar
17727
page-template-default,page,page-id-17727,ajax_fade,page_not_loaded,,qode-theme-ver-11.0,qode-theme-bridge,wpb-js-composer js-comp-ver-5.0.1,vc_responsive

Me søker nye medarbeidarar

Bruket arkitektur er eit framtidsretta arkitektkontor på Voss. Bruket har den siste tida hatt aukande oppdragsmengde med mange spanande prosjekt og søker difor etter fleire medarbeidarar.

 

Bruket har eit stort spenn i arbeidsoppgåver, frå tradisjonelle arkitektoppgåver, stadsutvikling og møbeldesign.

 

Me søker deg som kan bidra i ulike prosjekt, og som trivest med å jobba i team og tverrfaglige prosjekt. Det er fordel å vera utdanna arkitekt, men erfaring og interesse for relevante kreative fag kan kompensera. Du er samfunnsengasjert med interesse for og/ eller erfaring med utviklingsprosessar, prosjektering og detaljering av bygg.

 

Bruket jobbar for tida med forskjellige spanande bustadprosjekt, nærings- og helsebygg og utvikling- og planprosessar.

 

Stillinga er eit engasjement frå snarast til 31.12.2017, med mogelegheit for forlenging/fast tilsetting.

 

Me tilbyr:
•      varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
•      store utviklingsmuligheiter
•      eit godt og uformelt arbeidsmiljø
•      fleksibel arbeidstid

 

Kvalifikasjonar:
•      arkitektutdanning, eller
•      anna relevant høgare utdanning
•      gode ferdigheiter i detaljering ( og 3D-modellering)
•      fordel med erfaring frå Autodesk revit
•      me ser helst at du har noko erfaring, men nyutdanna vert også vurdert

 

Personlige eigenskaper:
•      sjølvstendig og strukturert
•      løysingsorientert
•      gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
•      likar både enkle og komplekse oppgåver

 

Søknadsfrist:
torsdag 8. desember

 

Send oss ein søknad med CV, portefølje og evt. referansar til: Mari Myklebust