Bruket arkitektur AS | Tilbygg på Nadlane
17643
portfolio_page-template-default,single,single-portfolio_page,postid-17643,qode-quick-links-1.0,ajax_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode-theme-ver-11.2,qode-theme-bridge,wpb-js-composer js-comp-ver-5.0.1,vc_responsive
Sted

Voss

Status
Kategori
Bustad
Om prosjektet

Tilbygg til einebustad.

 

Tilbygget ligg vinkla ut frå eksisterande bustad og skapar eit uterom i ly frå den kalde austavinden men eksponert for kveldssola. Uttrykket er moderne og enkelt og i kontrast til den tradisjonelle eksisterande bustaden. Det er lagt vekt på å trekka det store landskapet inn i dei private romma, skapa eit naturleg og inviterande inngangsparti og knyta inne- og uterom betre saman.

 

Inneromma er henvendt mot Vangsvatnet og utsikta til dalføret mot aust. Soveromsdelen er trekt inn i ein vinkel frå hovudforma for å skapa ei privat lufteterrasse skjerma mot naboar.

 

Siktlinjene i bygget er viktige. I inngangspartiet ser ein gjennom bygget og opp på gråsida. Frå kjøkkenet ser ein gjennom heile tilbygget og ut mot vatnet.

 

I det mest beskytta området av uterommet er det lagt til rette for spisebord og utekjøkken med overbygd pergola.